Den Fyrste Song

Den fyrste song eg høyra fekk,

Var mor sin song ved vogga;

Dei mjuke ord til hjarta gjekk,

Dei kunde gråten stogga

Dei sulla meg so underleg,

So stilt og mjukt te sova;

Dei synte meg ein fager veg

Opp frå vår vesle stova

Den vegen ser eg enno tidt,

Når eg fær auga kvila;

Der stend ein engel, smiler blidt,

Som berre ei kan smila

Og når eg sliten trøytnar av

I strid mot alt som veilar,

Eg høyrer stilt frå mor si grav

Den song som all ting heilar


Per Sivle

©2022 Wiker Formidling  
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis!